Tabell

Viser alle funksjonar som kan brukast for Ă„ setja inn, redigera og fjerna ein tabell i eit tekstdokument.

Set inn tabell

Set inn ein ny tabell.

Set inn

Opnar ei undermeny med desse kommandoalternativa:

Rader over

Set inn ei rad over den rada markĂžren er i.

Rader under

Set inn ei rad under den rada markĂžren er i.

Rader

Opnar dialogvindauget for Ă„ setja inn rader.

Kolonnar framfĂžre

Inserts a column before the column where the cursor is currently placed.

Kolonnar etter

Inserts a column after the column where the cursor is currently placed.

Kolonnar

Opnar dialogvindauget for Ă„ setja inn kolonnar.

Slett

Opnar ei undermeny med desse kommandoalternativa:

Rader

Slettar dei valde radene.

Kolonnar

Slettar dei valde kolonnane.

Tabell

Slettar den gjeldande tabellen.

Vel

Opnar ei undermeny med desse kommandoalternativa:

Celle

Vel den gjeldande cella.

Rad

Vel den gjeldande rada.

Kolonne

Vel den gjeldande kolonnen.

Tabell

Vel den gjeldande tabellen.

Storleik

Opnar ei undermeny med desse kommandoalternativa:

RadhĂžgd

Opnar dialogvindauget for radhÞgd, der du kan endra hÞgda pÄ ei rad.

Minimer radhĂžgda

Set radhÞgda sÄ lÄg som rÄd er for innhaldet i den merkte rada.

Beste radhĂžgd

Juster hÞgda pÄ radene automatisk til Ä passa med innhaldet i cellene.

Fordel rader jamt

Justerer hĂžgda til dei markerte radene slik at dei svarar til den hĂžgste rada i utvalet.

Kolonnebreidd

Opnar dialogvindauget for kolonnebreidd, der du kan endra breidda til ein kolonne.

Minimer kolonnebreidda

Set kolonnebreidda sÄ smal som rÄd er for innhaldet i kvar merkte rad.

Beste kolonnebreidd

Tilpassar automatisk breidda pÄ alle kolonnane slik at dei passar til celleinnhaldet. NÄr du endrar breidda til éin kolonne, vert ikkje breidda pÄ dei andre kolonnane i tabellen pÄverka. Breidda pÄ tabellen kan ikkje vera stÞrre enn sidebreidda.

Fordel kolonnane jamt

Justerer breidda til dei markerte kolonnane slik at dei svarar til den breiaste kolonnen i utvalet. Den totale tabellbreidda kan ikkje vera stĂžrre enn sidebreidda.

SlÄ saman celler

SlÄr saman innhaldet i dei merkte cellene til éi celle. Tek vare pÄ formateringa i den fÞrste cella i utvalet.

Del celler

Viser dialogvindauget for Ă„ dela celler. Her kan du dela opp anten vassrett eller loddrett og velja kor mange celler kvar celle skal delast opp i.

SlÄ saman tabellar

SlÄr saman to tabellar som ligg etter kvarandre til ein enkelt tabell. Tabellane mÄ vera rett ved sida av kvarandre og ikkje skilde frÄ kvarandre med eit tomt avsnitt.

Del tabell

Deler tabellen opp i to tabellar ved skrivemerket. Du kan ĂČg velja denne kommandoen ved Ă„ hĂžgreklikka i ei tabellcelle.

Vern celler

Hindrar at innhaldet i dei valde cellene vert endra.

Opphev cellevernet

Fjernar cellevernet for alle dei merkte cellene i den gjeldande tabellen.

Autoformater stilar

Formaterer den gjeldande tabellen automatisk, medrekna skrift, skuggelegging og kantlinjer.

Talformat

Opnar eit dialogvindauge der du kan bestemma talformatet i tabellen.

Talgjenkjenning

SlÄr av eller pÄ innstillinga for automatisk gjenkjenning av tal og datoar som du skriv inn i ei tabellcelle og konverterer dei frÄ tekst til eit hÞveleg talformat.

Overskriftsradene vert brukt pÄ alle sidene

Gjenta ei tabelloverskrift pÄ kvar nye side tabellen gÄr over.

Rad som vert broten over fleire sider

Tillet sideskift eller kolonneskift inne i ei rad i tabellen. Denne innstillinga vert ikkje brukt pÄ den fÞrste rada i ein tabell viss innstillinga Gjenta overskrift er vald.

Gjer om

Opnar ei undermeny med desse kommandoalternativa:

Tekst til tabell

Opnar eit dialogvindauge der du kan gjera om den markerte teksten til ein tabell.

Tabell til tekst

Opnar eit dialogvindauge der du kan gjera om den gjeldande tabellen til tekst.

Tekstformel

Opnar formellinja der du kan skriva inn eller endra pÄ ein formel.

Sorter

Sorterer dei valde avsnitta eller tabellradene alfabetisk eller numerisk. Du kan velja opptil tre sorteringsnĂžklar og i tillegg kombinera sortering med tal og bokstavar.

Eigenskapar

Specifies the properties of the selected table, for example, name, alignment, spacing, column width, borders, and background.